Vesterålnytt

Nytt fra Vesterålen

Øker for pensjoner

Grunnbeløpet i folketrygda aukar med 4,98 prosent frå 101 351 kroner til 106 399 frå 1. mai 2021. Etter årets trygdeoppgjer blir pensjonar under utbetaling regulert høgare enn antatt lønnsvekst.

Trygdedrøftingane 2021 er gjennomførte etter gjeldande reglar for regulering av grunnbeløpet og pensjonar. Alderspensjonane under utbetaling blir i år regulert etter særskilte reglar, i tråd med dei vedtaka Stortinget fatta i desember 2020 og i februar 2021.

– I år blir den årlege reguleringa av alderspensjon under utbetaling i tråd med eit gjennomsnitt av lønns- og prisauken. Det ligg i tillegg inne ein kompensasjon for 2020, som gjer at nivået blir som om reguleringa var slik òg i 2020.

Samla gjer det at pensjonistane kjem vesentleg betre ut enn vanlege lønnsmottakarar, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.

Talgrunnlaget har vore drøfta med Pensjonistforbundet, Senior Norge, Forsvarets seniorforbund, Landsforbundet for offentlige pensjonister, Funksjonshemmedes Felles­organisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjonar, LO, YS, Unio og Akademikerne.

Alderspensjon under opptening, uføretrygd og andre ytingar som er regulerte gjennom grunnbeløpet, får ein inntektsauke på 4,98 prosent frå 1. mai, medan årleg auke blir 3,83 prosent.

Alderspensjon frå folketrygda under utbetaling får ein auke i pensjonen på 4,99 prosent frå 1. mai, medan årleg auke blir 3,58 prosent. Alderspensjon frå offentleg tenestepensjon blir regulert på same måte.