Like kvoter for torsk
Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke reguleringa av torsk, hyse og sei nord for 62 grader nord i 2023. Reguleringa blir i det vesentlege vidareført.
Fordelinga av kvoten på torsk vert ført vidare medan regjeringa utarbeider ei ny kvotemelding.
– Vi er godt i gang med arbeidet med kvotemeldinga. Ein viktig del av dette er fordelinga av den norske torskekvoten.
I høyringa om sentrale tema for kvotemeldinga viste fleire til at dei ynskjer ei anna fordeling enn den som gjeld i dag.
Dette ser vi no nærmare på og er noko vi vil komme tilbake til. Inntil då forheld vi oss til Stortingets vedtatte fordeling, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
I 2023 vert ein ny metode for utrekning av kvotefleksibilitet teken i bruk som ei prøveordning.
Bakgrunnen er at Nærings- og fiskeridepartementet ba Fiskeridirektoratet om å vurdere metoden for utrekning av kvotefleksibilitet for hysekvoten. Dette var eit tema i reguleringsmøtet hausten 2022.
Fartøy i open gruppe får dei same fartøykvotene på torsk og hyse i 2023, medan den garanterte kvoten på sei aukar til 7 tonn.
Restkvote til open gruppe i fisket etter torsk i 2022 vert ført over til 2023.
-Det har vore utfordringar i fisket i open gruppe dei siste åra, og eg vil leggje til rette for at dei minste fartøya får fiska si kvote.
Deltakinga i gruppa har gått ned og vi vidarefører fartøykvotene på torsk til neste år, seier fiskeri- og havministeren.
Det vert sett av 0,9 prosent av norsk kvote til kystfiskeordninga og det garanterte kvotetillegget på 8 tonn held fram i 2023.
Delar av restkvoten i 2022 blir overført til 2023 for å sikre ei avsetning på 3 000 tonn til ordninga.
Kvotetillegget på 4 tonn for yngre fiskarar vil også gjelde i 2023. Ungdomstillegget gjeld for kvinner til og med 40 år, og menn til og med 30 år.