Flere på hotell

Det blei registrert 2,7 millioner hotellovernattinger i juni i år, en økning på 1,8 prosent fra juni 2022.

En kraftig økning i utenlandske hotellovernattinger demma opp for nedgang i norske.

Det var nesten 1,9 millionar norske hotellovernattingar i juni i år, ein nedgang på 3,9 prosent frå juni 2022.

Utanlandske hotellovernattingar auka med 18 prosent, til 832 000, syner nye tal frå overnattingsstatistikken.

– Svak krone og reiseglade nordmenn og utlendingar har gitt ein god start på sommaren for hotellnæringa, seier seniorrådgjevar Sindre Torgals i SSB.

– Nordmenn har halde fram med å feriere i eige land etter pandemien.

Om vi samanliknar juni i år med åra før pandemien ser vi at talet på norske hotellovernattingar er høgare, medan talet på utanlandske hotellovernattingar ennå ikkje er tilbake på tidlegare nivå, legg Torgals til.

Legg vi til overnattingar på campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar, var det nesten 4,6 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i juni.

Dette er det høgaste talet målt for juni nokon gong. For alle innkvarteringstypar fall talet på norske overnattingar medan talet på utanlandske overnattingar auka.