Subsidier til havvind
Regjeringa styrkjer no satsinga på havvind ytterlegare. I tillegg til å styrkje energimyndigheitene foreslår regjeringa totalt 148 millionar kroner til vidare arbeid med havvind på norsk sokkel.
– Regjeringa har store ambisjonar for utviklinga av havvind på norsk kontinentalsokkel.
Satsinga skal gi auka tilgang på fornybar kraft i Noreg, bidra til at vi kuttar utslepp og leggje til rette for at industrien får eit nytt bein å stå på.
I forslaget til statsbudsjett for 2024 foreslår regjeringa derfor å styrkje dette arbeidet ytterlegare, seier olje- og energiminister Terje Aasland.
Midlane vil leggje til rette for førebuingar til utlysinga av nye område for havvind i 2025 og seinare.
Dessuten bidra til gjennomføring av nødvendige feltundersøkingar av natur og miljø i områda som er aktuelle for utlysing i 2025.
Og til å ferdigstille grunnundersøkingar i dei områda som allereie er lyst ut.
Regjeringa foreslår også ei styrking av energimyndigheitene og auka løyving til kompetansemiljø for havvind.
Den vidare havvindsatsinga føreset tilgang på areal.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) leia ei direktoratsgruppe som tidlegare i år leverte forslag til 20 område som kan eigne seg for havvind.
Olje- og energidepartementet har bede NVE om å gjennomføre strategisk konsekvensutgreiing av områda Vestavind B, Vestavind F og Sørvest F med sikte på eventuell utlysing i 2025.
NVE vil også gjennomføre strategisk konsekvensutgreiing av dei andre områda som er aktuelle for utlysing framover mot 2040.