KV Harstad oppgrades

Harstad Mekaniske Verksted (HAMEK) får kontrakten for midtlivs-oppdatering av kystvaktskipet «Harstad». Prislappen er 235 millioner kroner.

– Det er omsyn til beredskapen som gjer at vi tildeler HAMEK denne kontrakten.

Regjeringa er kjend med utfordringane HAMEK har fått etter at Noreg innførte sanksjonane mot Russland.

Vi vil sikre at Nord-Noreg har både tilstrekkeleg stor tørrdokk og tryggleiksklarert personell til å ta imot større militære fartøy, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

KV Harstad er eit norsk kystvaktskip oppkalla etter byen Harstad.

Skipet er bygd for kystvakt og beredskapsoppgåver, mellom anna fiskerikontroll, moglegheit for tunge slep og oljevern.

I tillegg er skipet designa for å ta om bord ubåt redningssystem.

– HAMEK er ei norskeigd hjørnesteinsbedrift i Harstad.

Verftet er viktig for Forsvarets beredskap fordi verftet rår over den einaste tørrdokka i Nord-Noreg som er stor nok til å ta inn større norske eller allierte militære fartøy.

Selskapet har mange tilsette, inkludert tryggleiksklarert personell til arbeid på Forsvarets fartøy.

Av omsyn til beredskapen tildeler vi oppdraget til HAMEK, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).

– Verfta bidreg til viktige arbeidsplassar langs kysten.

Regjeringa har tett dialog med verftsnæringa om utfordringane dei opplever og korleis vi framover kan ta vare på viktig kompetanse i næringa.

Ved å tildele denne kontrakten til HAMEK sikrar vi vår egen beredskap og sørger for at vi beheld viktig kompetanse også i nord, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

HAMEK og tilgangen til tørrdokka er sentral for Forsvarets operative evne i Nord-Noreg.

Tørrdokka bidreg til rask reparasjon av Forsvarets større fartøy.

Alternativet er å slepa eit skadd fartøy langs kysten til eit verft lengre sør, noko som både er ressurskrevjande og risikabelt.

Nærleik til Forsvarets fasilitetar i Ramsund er også ein fordel for dokka i Harstad.

Prosjektet har ei styringsramme på 235 millionar 2023-kroner.