Undersøker fødselstallene
Det samla fruktbarheitstalet har aldri før vore lågare i Noreg.
Regjeringa ønskjer å finne ut kvifor vi får færre barn enn tidlegare, korleis det påverkar samfunnet, og moglege tiltak for å snu utviklinga.
– Noreg skal vere eit attraktivt land å få barn i. Låge fødselstal over tid kan ha stor betydning for samfunnet.
Undersøkingar tyder også på at nordmenn får færre barn enn det dei ynskjer seg.
Regjeringa vil no for første gong i historia setje ned eit fødselstalutval for å undersøkje kvifor, og kva det offentlege kan gjere for å leggje til rette for at foreldre får dei barna dei ønskjer, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Utvalet skal gi eit fagleg oppdatert kunnskapsgrunnlag om årsaker til utviklinga i fødselstala, moglege konsekvensar, og tiltak for å snu utviklinga.
Det er skrive fleire enkelståande rapportar om moglege årsaker og konsekvensar av dei fallande fødselsratane.
Det har også vore fleire utval som har sett på overføringar til barnefamiliar, med omfordeling som målsetting. Likevel er det heilskaplege biletet om kva som er årsaka til nedgangen, og kva dette vil bety for Noreg, i stor grad ukjent.
– Å få barn er eit personleg val, men samfunnet kan legge rammer så foreldre kan få dei barna dei ynskjer seg.
Eg meiner vi må sjå på breiare tiltak og ikkje avgrense moglege tiltal til berre å gjelde familiepolitikken, seier Toppe.
Regjeringa vil kome tilbake til samansettinga av utvalet, og legg vekt på at medlemane i utvalet samla skal ha brei og relevant erfaring.
Regjeringa har gjort mange tiltak for å prioritere barnefamiliane, mellom anna er foreldrepengeordninga styrkt, prisen på barnehagen er kraftig redusert og barnetrygda er auka.
Det er innført gratis deltidsplass på SFO for 1. og 2. trinn. Og frå hausten også 3. trinn.