Flere omkom på veiene

I oktober omkom 15 personar i trafikken. Dette er nesten tre gonger så mange som i fjor, då 6 døydde. Det er over ti år sidan vi sist hadde så mange trafikkdrepne i oktober.

Så langt i år er 111 drepne i trafikken. Det er 16 fleire enn på same tid i fjor.

Nordland har 11 omkomne og lenger nord er det 6, slik at Nord-Norge samlet har 19 omkomne.

Dette viser foreløpige ulykkestal frå Statens vegvesen.

Tolv av årets dødsulykker er ulykker med to eller tre omkomne. Det er uvanleg mange.

– Vi opplever mange ulykker med fleire omkomne i år, seier Svein Ringen i Statens vegvesen.

På same tidspunkt i fjor var det åtte ulykker med fleire omkomne, mot tolv i år.

Dei siste fem åra har vi berre hatt tre til fem ulykker med fleire døde gjennom dei første ti månadane av året.

Dette kan vere tilfeldig, men vil vere noko vi ser på i analysen av årets dødsulykker, seier Svein Ringen.

Det er 16 fleire dødsulykker mellom møtande bilar i år enn i 2022.

Møteulykker og utforkøyringsulykker dominerer årets dødsulykker på vegane. 50 mista livet i møteulykker, og 37 omkom då dei køyrde av vegen.

– Etter år med nedgang ser vi ein auke. Særleg gjeld dette talet på møteulykker med dødeleg utgang, men også talet på utforkøyringsulykker aukar, seier Svein Ringen.

Samtidig ser vi at det er færre fotgjengarulykker. Sju i år mot elleve i fjor.

81 menn og 30 kvinner omkom i trafikken i dei ti første månadane av året. Meir enn halvparten (60) døydde i personbil.

Dette er ein auke på 14 frå i fjor. I 34 av ulykkene var tungbil involvert, og fem av dei omkomne var førarar av desse bilane.

– Det er for tidleg å seie noko om årsakene til årets dødsulykker, seier Svein Ringen.

Men vi veit at dersom alle brukar bilbelte og køyrer rusfritt, så sparar vi mange liv.

No er det komme snø mange stadar i landet, så dersom alle også køyrer etter forholda og held merksemda på vegen, ligg mykje til rette for at vi sparar liv i trafikken, avsluttar Ringen.