Flere bedrifter går konk
Det vart registrert langt fleire konkursopningar i 2023 enn i året før. Også tala for 4. kvartal 2023 viser ein auke frå same periode i 2022.
Totalt var det opna 4 517 konkursar i fjor. Det er 22 prosent, eller 804, fleire konkursar enn i 2022.
– Det er ein kraftig auke, men frå eit lågt nivå. Talet på konkursar er framleis lågare enn i tida før pandemien, seier seksjonssjef Erik Fjærli.
Den største prosentvise auken finn vi i Nordland og Trøndelag med høvesvis 44 og 43 prosent fleire konkursar.
Den største auka i absolutte tal finn vi derimot i Viken fylke med 218 fleire konkursar. Det var ingen av fylka som hadde nedgang i talet på konkursar.
Det vart opna 1 186 konkursar i 4. kvartal 2023, som er 18 prosent fleire enn i den same perioden året før.
Åtte av ti konkursar, i alt 3 745, var føretakskonkursar eksklusive einskildpersonføretak.
Det var 23 prosent fleire føretakskonkursar i fjor enn i 2022. Størst auke i absolutte tal finn vi innanfor byggje- og anleggsverksemd med i alt 181 fleire konkursopningar.
Dette er og den næringen med flest føretakskonkursar, 1 013 i alt.
Dei resterande 772 konkursane gjaldt einskildpersonføretak som òg omfattar personlege konkursar.
Her gjekk talet opp med 15 prosent, eller 99 fleire konkursar enn i året før. 41 prosent av dei som gjekk konkurs dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd.