Start i kutt på studielån
Fra nyttår startet ordningen med kutt i studielån, for ansatte i 189 kommuner i «utkantene».
Lokalt i Vesterålen og Lofoten gjelder dette alle, bortsett fra Sortland kommune.
Sentrale kommuner som Bodø, Harstad og Tromsø er ikke med i denne ordningen.
Heller ikke Sortland altså, da det er kommunens status hos SSB som bestemmer utvalget.
Bor du i en av de aktuelle kommunene og er i jobb, kan du etter et år få sletta 25.000 kroner av studielånet ditt.
Over tid kan man spare flere hundre tusen kroner.
Låntakerne kan få sletta deler av lånet hvert år, helt til det er nedbetalt.
– Skal vi utvikle heile Noreg vidare treng vi eit verdiskapande næringsliv og gode velferdstenester.
Vi vil unngå at distrikta blir tømde for folk og kompetanse, som er viktig for landets beredskap.
Derfor styrker vi no tilgangen på kompetanse i heile landet, og det gjer vi på den mest effektive måten, direkte i lommeboka, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Alle yrkesaktive som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt år kunne få sletta 25.000 kroner i året.
For dei som bur i innsatssona, altså ein av dei 25 kommunane i Finnmark og Nord-Troms, aukar regjeringa beløpet som kan slettast frå 30.000 til 60.000 kroner per år for alle som byrjar på ein oppteningsperiode frå 1. januar 2025.
– Av erfaring veit vi at slike tiltak verkar.
Her er det mykje pengar å spare.
For eit par i etableringsfasen kan 50.000 kroner i året i sletting av studielån gi eit kraftig påskot for å flytte ut av byen. Det treng distrikta våre, seier Hoel.
Studielånet kan slettast kvart år, fram til ein har betalt det ned.
Tiltaket gjeld alle typar utdanningsgjeld, uavhengig av når den er teken opp.