Nye piloter også i nord
Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett å auke løyvinga til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT) med 7,5 millionar kroner.
Dette skal sikre at UiT kan halde fram med å tilby pilotutdanning med base i Bardufoss.
– Flytrafikken bind Noreg saman, og for å nå målet om eit styrka kortbanenett treng vi dyktige pilotar.
I Bardufoss får pilotane trening i særeigne arktiske forhold. No reddar vi den einaste offentleg finansierte, sivile pilotutdanninga i Noreg.
Dette sikrar tilgang på flygarutdanning og kompetanse i nord – og viktige arbeidsplassar i Bardufoss, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Forslaget vil sikre at UiT kan ta opp studentar hausten 2024.
UiT tek kvart semester opp 12 studentar til ei treprig bachelorutdanning i luftfartsfag, som har ei varigheit på tre år.
Førsteåret er i Tromsø med teoretiske fag, medan dei to siste åra går føre seg i Bardufoss.
Pilotutdanninga gir positive ringverknader lokalt i Bardufoss, mellom anna gjennom ein fast stab knytt til utdanninga og avtale om lokalt vedlikehald.
Utdanninga er òg særleg tilpassa nærings- og samfunnsliv i nord gjennom samarbeid med Widerøe. Eit samarbeid med Forsvaret er òg på trappene.
– Regjeringa har nettopp lagt fram ein ny langtidsplan for Forsvaret.
I tida framover blir det stadig viktigare med sivilt-militært samarbeid.
Vi må tenke på tvers.
UiT på Bardufoss er allereie i dialog med Forsvaret om eit mogleg samarbeid, og samarbeidet med Widerøe kan bidra til ei viktig styrking av flytilbodet på kortbanenettet, seier Hoel.