Mannsrollen under lupen
Mannsrollen har vært i fokus den siste tida og «Mannsutvalget» har foreslått ikke mindre enn 35 tiltak.
– Denne våren har vi snakka mykje om gutar og menn og deira plass i likestillingspolitikken.
Det har skjedd store endringar i mannsrolla dei siste tiåra og vi har sett fram til å få ei systematisk oversikt over problem og mogelege løysingar, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery, som tok imot utgreiinga frå Mannsutvalet i onsdag.
Mannsutvalet har sett på kva utfordringar gutar og menn har i samfunnet.
Utvalet har kome med forslag til 35 tiltak som skal betre forholda deira.
Utvalet har mellom anna sett på tema som familie, fritid, helse, vald og seksuell trakassering, utdanning og arbeidsliv. Dette har blitt gjort med brei fagleg kompetanse og stor kunnskap i samanheng med andre ulikskapsfaktorar.
– Det handlar om å ta på alvor at menn er overrepresenterte i nokre gode og nokre dårlege statistikkar.
Menn har mest makt, pengar og fridom. Samstundes rangerer menn høgast på sjølvmordsstatistikken, og unge gutar droppar oftare enn jenter ut av skulen.
Mange meiner at kjønnsrollene for gutar er for tronge og at gutar manglar gode rollemodellar, seier Jaffery.
– Vi i regjeringa anerkjenner at gutar og menn har andre typar likestillingsutfordringar enn jenter og kvinner.
Vi treng betre kunnskap om kva som eigentleg er problemet og korleis det bør løysast.
Berre då kan vi sikre ein god likestillingspolitikk. Det var bakgrunnen for at vi i regjeringa sette ned Mannsutvalet i 2022, seier Jaffery.
Utgreiinga blir viktig for regjeringa, den skal sendast på høyring i løpet av våren.
– Likestilling er ikkje eit knapt gode som vi kan gå tom for. Vi skal skape eit samfunn der alle kan oppleve fridom.
Det er viktig å halde fram det kraftfulle og flotte engasjementet vi har i samfunnet no når det gjeld likestilling, seier kultur- og likestillingsministeren.