Kystfiskeapp legges ned

Fiskeridirektoratet melder om at appen som fiskefartøy har brukt siden 2015, nå blir lagt ned.

Frå 1. januar 2026 skal alle fiskefartøy som tidlegare har nytta Kystfiskeappen følgje krav om elektronisk rapportering av fangst-, aktivitets- og posisjonsdata (ERS og VMS).

Kystfiskeappen har vore eit viktig rapporteringsverktøy sidan 2015, men vidare rapportering skal no skje gjennom ERS og VMS.

Det er difor vedteke at appen skal leggjast ned frå nyttår. Dette er i tråd med høyringa som ble sendt ut tidlegare i år.

Ved å samle rapporteringa i ERS og VMS får både fiskarar og forvaltninga eit meir moderne og stabilt system som legg til rette for enklare rapportering, betre kontroll og auka sporbarheit i fiskeria.

Krava gjeld for alle, uavhengig av fartøystørrelse, som tidlegare har nytta Kystfiskeappen, med nokre endringar.

Sjå egen liste over kven som må følgje dei nye krava. I tillegg gjeld krava for alle fiskefartøy frå og med 8 meter.

Krav om rapportering av haustingsaktivitet gjeld for alle fartøy som er omfatta av ERS-forskrifta.

Dette inneber at dersom fartøyet er omfatta av forskrifta, skal all haustingsaktivitet rapporterast gjennom heile kalenderåret.

Krav om VMS inneber at fartøyet skal sende posisjonsmelding kvar dag gjennom heile kalenderåret.